KULTUR
OG HISTORIE
Vestkapp ligg på toppen av
Kjerringa, fjellet som strekker seg lengst vest mot
det berykta Stadhavet. Her ligg det mykje historie,
og området rundt Vestkapp er rikt på kultur.
Sjølv om tidene har endra seg, og folk jobbar
mykje i industrien og med turisme, er det framleis
eit rikt fiskerimiljø her.
Frå Vestkapp kan du ta turen
ned til Ervik, og St.Svithun minnekapell som vart
bygd til minne om alle som omkom då hurtigruta
vart senka rett utanfor bygda, under 2. verdskrig.
Minnekapellet er ope for besøkjande i sommarsesongen.
På Vestkapp-platået
kan du sjå restar av gamle steingardar, men
også restar frå verdskrigane. Tettstaden
Selje var ein gong eit av dei viktigaste bispeseta
i landet, og soga seier at Olav Trygvasson kristna
Midt-Noreg på Dragseide. Legenda fortel også
om kongsdottera Sunniva som leid martyr-døden
og vart utropt til helgen av Olav Trygvasson.
Ruinane på øya Selje,
eit årleg utandørs teaterdrama og eit
særs aktivt kunstnarmiljø, er med på
å halde liv i viktig historisk ballast. |