Besøksinfo

Vestkappvegen 3535
6750 Stadlandet
Norge

Opningstider Vestkapp Restaurant
Vi held vinterstengt frå oktober til april.

Hugs å reservere bord på førehand dersom du ynskjer å sikre deg plass i restauranten.
Vi tek ikkje imot reservasjonar etter 19:00, men har du bord er du hjarteleg velkommen til å sitte utover kvelden.

I sommarsesongen er det også mogleg å kjøpe is, brus og anna snacks i vår nyåpna matvogn utandørs utan å reserverebord på førehand på godversdagar.

Velkommen opp!

 
 

Reise til Vestkapp

 

Med bil

Biltransport er den enklaste måten å komme seg til Vestkapp. Ver merksam på smale veier, spesielt fra hovudvegen og opp til fjellklippa. Ta hensyn til møtande trafikk. Det er og mogleg å parkere ved hovudvegen og gå opp.

Med buss

NOR-WAY Bussekspress har bussruter som går frå heile Sør-Noreg til Nordfjoreid. Herfrå vil busselskapet Kringom kunne frakte deg til Selje på Stadlandet. Drage transport på Stad kan kontaktast for vidare transport.

Med båt

Dersom du kjem med eigen båt, finn du gjestehamn både på Leikanger og i Selje. Du kan dessutan ta ekspressbåt fra Bergen til Selje med Norled. Drage transport på Stad kan kontaktast for vidare transport.

Med fly

Den næraste flyplassen er Anda ved Sandane i Sunnfjord. Køyretid fra Anda til Vestkapp er ca 1 t 40 min. Eit anna alternativ er Hovden ved Ørsta og Volda i Møre & Romsdal. Køyretid frå Hovden til Vestkapp er på omlag 2 t 25 min.