HEIM

VESTKAPPHUSET

KULTUR/HISTORIE

BILDEGALLERI

FOR TUROPERATØR

KONTAKT OSS

LINKAR

 

 

 

 

 

 

Deutch



 

VESTKAPP - TETT PÅ VERET!

Vestkapp ligg på fjellplatået Kjerringa som ruvar 497 meter over det vakre og frykta Stadhavet.
Her møter du vêr og vind i alle kombinasjonar, frå blikkstille hav og strålande solskin, til skodde og storm, gjerne med eit par innslag av orkan frå tid til annan.

Ved første augekast kan det virke stille og einsamt på platået. Men, plutseleg sprett ein hare foran deg, ein røyskatt er veldig nysgjerrig på kven du er, ørna tek seg ein luftetur, ja, kanskje får du til og med eit glimt av reven.

Set du pris på vakker og mykje natur, er Vestkapp staden for deg. Med ei flott 360 graders panoramautsikt kan du i eit og same andedrag nyte synet av storhav, snøkledde fjelltoppar, øyar og fjord.

Vestkapp-platået er Nord-Europa og Noreg sitt vestlegaste fjellplatå og ligg på 62* 11’ 18” nordleg breiddegrad og 5* 7’ 33” austleg lengdegrad, på halvøya Stadlandet i Selje kommune, Sogn og Fjordane.

 

 

Free Hit Counters
Web Counters

Designet av Phirada Aarvik